Tine Rotevatn

Eg er så glad for at nettopp DU er her! 

Eg heiter Tine Rotevatn, er 28 år og har to små gutar saman med min fotballspelande mann.

For nokre år tilbake studerte eg ernæring og folkehelse, og har eit enormt engasjement for livsstil og haldningar til maten vi et.

Personleg elskar eg mat, med stor E! Ein dag utan god middag er fort ein dag utan meining. For meg handlar det stort sett om å få ete så mykje god mat eg vil, men samtidig som maten skal vere miljøvennleg, næringsrik, og den skal sjølvsagt vere god! Lykke til, tenker du kanskje?  

Denne bloggen er min søken på det mest optimale kostholdet. Er det mogleg å ete mat som er bra for klimaet, som støtter norsk landbruk og norske arbeidsplassar, som er næringsrike og naturlege, samtidig som at eg får i meg protein av høg kvalitet, ikkje for mykje sukker, tilstrekkelege vitaminer, kostfiber og riktig fett? Og kva er eigentleg riktig fett? Kva er forskjellen på kokosolje og rapsolje. Er kokossukker betre enn roersukker? 

Ja, her er det mykje å ta tak i og eit hav av ulike meiningar! 

FØLG MED!


Alle har rett til ei god helse og eg vil gjerne hjelpe til på vegen.


CV:

Etter realfagslinja på vidaregåande har eg gjort dette:
2009-2012: Bachelor i Ernæring, mat og kultur ved Universitetet i Agder (Breiddefag er folkehelsearbeid).
2009- 2012: Helse og fitness utdanning (30 stp.) ved Universitetet i Agder (Gruppeinstrøuktør og treningsveiledar)
2011-2012: Dagleg leiar i studentbedrifta En Smule Sunt SB
2011- 2012: Var med i startfasen av prosjektet som resulterte i boka Guttormsen V. (2013). Mat og måltider i Eldreomsorgen.
2012: Noregmeisterskap for studentbedrifter med En Smule Sunt SB
mai 2013: Oliver kom til verda
2012-2014: Spaltist i distriktsavisene Regionavisa på Sunnmøre og Avisa Romsdal i Romsdal.
2014: MEIRSMAK er ein realitet
2014: Kurs i frilandsjournalistikk
2015-2016: Årsstudium i Medisin grunnfag (60 stp.)
2016: Jonah vart født