Steinovnsbakt pizza

Når eg og mannen er på pizzarestaurant klarer vi sjeldan å bli samde om éin type pizza. Difor ender vi stadig opp med ein sjølvkomponert type kor vi sleng opppå alt som er godt! Det fins få ting som er betre enn det! *Vatnimunnen* Eg veit ikkje med deg, men hos meg har pizza alltid høyrt helga til, men det var før vi fekk oss pizzastein.

Pizza laga på steinhelle er supergodt og får frysepizzaen i butikken til å smelte i kartongen der han ligg. Med ein god tomatsaus som base har du eit meget godt utgangspunkt for ein god middag enten om det er helg, kvardag og til liten og stor. Berre sjå for deg dei små som danderar til og legg på topping, fargerikt topping, på sin eigen pizza! STAS!

Pizza med smakfulle grønsaker og grov botn vart vekas vegetarmåltid her i heimen. Eigentleg ser det ikkje nødvendig å kalle det for vegetarmåltid. Det er like naturleg å ha ein middag utan kjøt eller fisk som det er med. Utfordringa er berre den at vi et alt for mykje kjøt. Høyrer du stadig om dei menneskeskapte klimaendringane som pregar både menneske, dyr og økologi? Har du leita etter ei moglegheit å vere meir miljøvenneleg utan at det kostar deg og/eller familien noko? HER HAR DU EI LØYSING! Sløyf kjøtet éin gong i veka! Så lett som det! Litt hjelp mykje! 👍

PIZZADEIG:

  • 350 g Kveitemjøl
  • 300 g Valsa bygg (eller anna grovmjøl)
  • 1 ts salt
  • 1 sss olivenolje
  • 4 dl lunka vatn
  • 1 pk gjær

Pizzadeiga treng kun å heve éin gong, i ca 30 minutt. Mot slutten av hevetida kan du ha pizzasteinen inn i omnen så den blir skikklig varm. Undersøk kor mykje din pizzastein tåler av varme. Vår tåler ca. 220 grader, men vi presser den opp til 240…

Medan botnen hevar kan du tilberede alt som skal på pizzaen. Først ut er tomatsaus:

TOMATSAUS

  • 1 pk hakka tomat (go green)
  • 1/2 gul løk
  • 1/2 chili
  • 2 fedd kvitløk
  • 1 raus ss tomatpure
  • 1 dl vatn
  • nykverna pepar
  • 1 ts vineddik (kan sløyfast)
  • Ei god handfull fersk oregano

Fres løk, kvitløk og chili i ein kasserolle. Tilset alt det andre og kok opp. Smak til om du skal ha meir krydder. Køyr stavmiksaren nokre runder i tomatsausen så den blir glatt og fin. Dess lenger tomatsausen får putre på lav varme, dess betre blir den.

I dag hadde vi desse toppingane:
Cherrytomatar
Sjampinjong
Paprika
Grønkål
Løk
Soltørka tomat

Her varierer du som du vil. Eg anbefaler på det sterkaste grønkål! Den blir crispi og full av god smak når den blir steikt slik.

Når botn, saus og topping er i boks har vi følgande framgangsmåte:
1. Bruk olivenolje når du kjevlar ut emnene i ønska storleik.
2. Legg botnen på steinen og forsteik i 2 minutt.
3. Ta ut bottnen med ei bakespade og legg på fyll. du kan også steike ein botn i mellomtida.
4. Steik pizzaen i 5 minutt. Ferdig.
5. Server med ruccola, spinat og balsamicosaus.

ENKELT – GODT – SUNT – MILJØVENNLEG

ipizza4

ipizza6

ipizza7

One Comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *