Når julestria er over, er det framleis noko å stri med

Eg er ingen tilhengar av thriller-sjangeren. Berre spør alle dei som har sett film saman med meg. Nei, eg lev meg for mykje inn i handlinga til å kunne halde ut i 90 minutt med grøss, hyl og sveitte. -Desto større grunn til å elske høgtida vi er inne i no. Førjulsfilmane som eg kjenner til er romantiske og steminingsfulle og eg kan sitte roleg å suge til meg inntrykka utan å ha puta plassert foran ansiktet.

Likevel må eg stikke fingeren i jorda og erkjenne at ting ikkje er så enkelt som på film (sjølv om det er deilig å late som der og då). Livet er ikkje så perfekt som desse romantiske komediane framstår som. Naturlegvis. Julestria kan vere krevande nok for mange, men når julaftan kjem, huset er reint, treet glitrar og nylonstrømpa er på utan hol, er det andre utfordringar som gjeld.

Jula er den mest omfattande høgtida vi har i Noreg. Ikkje rart forventningane blir skyhøge. Kvart år blir eg like overraska over at kvardagens utfordringar faktisk er dei same med eller utan juletre. Ikkje kan eg nyte alle julekakene, julesnopet, julemiddagane og ikkje kan eg sjå alle julefilmane utan å måtte gi litt tilbake til kroppen i form av fysisk aktivitet. Energibalansen er visst alltid gjeldande uavhengig av kor stemningsfult det blir.

Når det er sagt har eg denne jula ein 1,5-åring som eg har store planar om å kjøre rattkjelke med samt bare vere ute i snøen å leike. Og lage snøenglar. Sånn som på film.

Som du heilt sikkert har forstått, er eg stor tilhengar av ekte tradisjonar. Jula for meg er ei høgtid kor vi viar all tid til familie og venar. Tid som elles blir brukt på jobb, hobby, internett, mobil og nettbrett.

Eg elskar å førebu meg til jula fordi eg veit kva som ventar. Slik er det kanskje hos deg og? Difor synes eg vi kan la sukker vere sukker og lage julebaksten slik som tradisjonen tilseier. Eg synes ikkje det er nødvendig å lage peparkaker eller julemenn med sammalt mjøl og stevia. det trur ikkje eg det er så mange ernæringsfysiologar som forventar akkurat..

Sukker, både i flytande og fast form, er ei utfordring for kostholdet vårt og skulle helst ha vore lågare enn det er i dag. Med måtehald og eit par ekstra aketurar, trur eg vi alle skal klare å kome oss fint gjennnom høgtida uten å måtte ty til erstatningar. Det mest avgjerande for helsa di er kva du et mellom nyttår og jul, ikkje mellom jul og nyttår!

Du veit kva dei seier på film, “keep your friends close, but your enemies closer”. Så pass har eg fått med meg…

Håper du har ei flott førjulstid!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *