Muslibar – ei sunn og rask løysing!

Det er så mykje ymse blant utvalet av energibarar/muslibarar/proteinbarar etc. der ute. Med der ute meiner eg både i butikk og alle dei uendelege nettstadane som sel “sunne barar”.

Eg valde å ta saka i eigne hender (elsker det uttrykket der) fordi eg var så dum å gi det ein sjanse. Terskelen er bekymrande lav no i eksamenstida… For det første var den kjempesøt på smak, for det andre var den seig og bestod eigentleg berre av puffa ris og rosiner. Skuffa. Sjølvsagt kan den då selgast som ENERGIbar, men noko næringsrik og sunn var den ikkje.

Men nok om meg og mine lavterskelpåfunn, her har du oppskrifta på ein enkel, god og næringsrik muslibar:

Bland saman:
150 g Havregryn
100 g kveitevals (eller anna grovt mjøl)
150 g hakka nøtter (eg valde mandlar, paranøtter og hasselnøtter)
100 g linfrø

Bland godt:
3 dl eplejuce
4 ss honning

Dypping:
50 g sjokolade, 70% kakao

Framgangsmåte:
– bland alt det tørre
– miks godt saman væska, hell over det tørre og bland godt
– la stå å svelle litt
– set omnen på 190 grader
– legg musliblandinga i ei ildfast form men bakepapir, ca 20×30 cm, og bruk eit bakepapir til å klemme musliblandiga ned i forma så den blir kompakt.
– marker kor store barane skal vere med ein spiss kniv og steik i omnen i 20 min.
– del barane heilt opp og legg dei spredt på eit steikebrett.
– Skru av omnen og set steikebrettet inn med døra på gløtt. Steik i 20 min til.
– avkjøl og eventuelt dypp dei i deilig, smelta sjokolade!

Desse kan frysast og er heilt perfekt å ha med på jobb og skule mellom lunsj og middag, på tur eller før/under trening!

Eg samanlikna denne muslibaren med ein tilfeldig frå ein nettbutikk berre for å sjå forskjellen.

Denne baren har eit bra forhold mellom karbohydrat og protein. Barane som du finn på nett og i butikk er ofte tilset mysepulver og liknande for å auke innhaldet av protein. Men det er heilt unødvendig. Tilsatt sukker var i vår bar 1,7 gram per 100 g. I den andre var det heile 30 g!! Varsku,varsku! Vår innehold 7,6 g kostfiber og den andre hadde berre 1,2 g per 100 g. Svakt.

Muslibaren vår har heller ikkje hundre ingrediensar – sjå neste gong du er på butikken!

Baren frå nettbutikken inneholdt 420 kcal per 100 g, medan denne inneheld 330 Kcal, dessutan er våra barar 70 g (230 Kcal)

#nuffsaid…

image

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *