Kva forhold har du til dei norske kostholdsråda???

Meir frukt, meir grønt, meir fisk, mindre sukker, mindre metta feitt, meir fysisk aktivitet. Mas, mas, mas over heile linja. vi veit det så innmari godt kva som er bra og mindre bra å ete dagleg. But yet, so hard… Eg reknar med du har høyrt om dei norske kostholdsråda som kom ut i 2011 ved fleire høve. Dei har vore, og framleis er, overalt. Dei har blitt kommentert av dei fleste, både forskarar, ernæringsprofessorar, kokkar, matjournalistar, ulike typar diett-bloggarar og oss forbrukarar, ikkje minst. Dessverre har mediestormen rundt desse ført til meir forvirring i staden for rettleiing.

Følg med så skal eg sjå nærmare på og analysere kvar og eitt råd!!

Kostholdsråda har inneheld god vitenskapleg dokumentasjon om korleis vi kan unngå plager samt å dø tidlig på grunn av hjarte- og karsjukdommar, kreft og andre livsstilsrelaterte sjukdomar i forbindelse med overvekt, og fedme eventuelt seinare. Anbefalingane er utarbeida av helsemyndigheitene i landet vårt som fortel at mykje kunne vore unngått berre ved å endre på vanar knytta opp til kosthold og fysisk aktivitet. Med andre ord, mykje av makta ligg hos deg.

Vi får her ei bevisstgjering av positive og negative sider med kostholdet vårt, korleis vi kan endre det og kva vi skal ete. Er det ikkje akkurat dette vi vil ha? Kan ikkje vi berre takke og bukke for at kompentene og dyktige menneske har gjort denne jobben for oss og gitt oss ein brukervennlig mal på å leve sunt?

Forskarane som har utarbeida råda har gått gjennom alle matvaregrupper og undersøkt alt i frå kornproduksjon til små bestanddelar i maten. Slik har dei kome fram til kva vi menneske har godt av å få i oss. Det flotte med desse resultata er at det er omtrent dei same matvarene som ein brukar til vanleg, ikkje noko hokus pokus. Alle kan få tak i dei varene, uavhengig av inntekt, om ein er norsk statsborgar eller ei, om ein har fullført grunnskule eller om ein har doktorgrad. Og det er heile poenget. Det skal vere enkelt, overkomeleg og ikkje minst GODT!

Vi skal spise GOD mat med GOD samvit! 🙂

Men dette er vi altså ikkje nøgde med. Vi vil ha noko anna kan det verke som…

Kunsten i denne sunnheitsbølga vi er godt inni, er å sile gjennom alle kostholdsråd som ligg strødd rundt deg til ei kvar tid. Kva skal du ta innover deg, kva bør du la passere? Det er som oftast eit system i jungelen, og kostholdsråda er, sett i frå eit globalt folkehelseperspektiv, det systemet flest mulig menneske i heile verda kan leve med dagleg livet ut!

INTRODUKSJON TIL NASJONALE ANBEFALINGAR FOR KOSTHOLD:

    1. Det blir anbefalt eit kosthold som i all hvoudsak er plantebasert, og som inneheld mykje grønsaker, frukt, bær, fullkorn og fisk og begrensa mengder raudt kjøt, salt, tilsat sukker og energirike matvarer.
    2. Det anbefalast at ein opprettheld ein balanse mellom energiinntak og energiforbruk.
    3. Et minst 5 porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag.
    4. Et minst 4 porsjoner fullkornsprodukt kvar dag.
    5. Et fisk tilsvarande 2-3 middagsporsjonar i veka.
    6. Det blir anbefalt at magre meieriprodukt inngår i det daglege kostholdet.
    7. Det anbefalast at ein vel magert kjøt og kjøtprodukt og begrenar inntaket av raudt kjøt og bearbeida kjøt.
    8. Det blir anbefalt å velge matoljer, flytande margarin eller mjuk margarin.
    9. Vatn anbefalast som drikke.
    10. Begrens inntaket av tilsatt sukker.
    11. Begrens inntaket av salt.
    12. Kosttilskot kan vere nødvendig for å sikre næringsstoffinntaket for nokre grupper i befolkninga.
    13. Det anbefalast at alle er i fysisk aktivitet i minst 30 minutt!

Til slutt må eg berre minne om at forskninga innan ernæring og fysisk aktivitet så vidt har begynt. Det er i stadig endring og ein må stadig halde seg oppdatert på nye funn og oppdagingar i denne verda – men med fornuftig og kritisk sans.

Som ei motpol til dei norske kostråda har eg her skrive litt om lavkarbodietten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *