Fins det eit perfekt kosthold??


Våren 2012 var eg ferdig med bacheloren min i Ernæring, mat og kultur. To ungar, ein narkolepsi-diagnose og eit nytt land seinare har det skjedd store ting på matfronten i Noreg. Det kjem ein jamn straum av nye matvarer som ernæringsfysiologar, sjølverklerte ekspertar og bloggarar påstår du berre må ha for å oppnå det never ending jaget om ein sunn kropp! MÅ eg eigentleg det?

Personleg elskar eg mat, med stor E! For meg handlar det stort sett om å få ete så mykje mat eg vil, samtidig som maten skal vere miljøvennleg, næringsrik, og den skal sjølvsagt vere god! Lykke til, tenker du kanskje?  

Denne bloggen er min søken på det mest optimale kostholdet. Er det mogleg å ete mat som er bra for klimaet, som støtter norsk landbruk og norske arbeidsplassar, som er næringsrike og naturlege, samtidig som at eg får i meg protein av høg kvalitet, ikkje for mykje sukker, tilstrekkelege vitaminer, kostfiber og riktig fett? Og kva er eigentleg riktig fett? Kva er forskjellen på kokosolje og rapsolje? Er kokossukker sunnare vanleg sukker? Gjer lettprodukt oss feite? Og kva er eigentleg greia med biologiske og økologiske matvarer? 

Ja, her er det mykje å ta tak i og eit hav av ulike meiningar! 

FØLG MED!

 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *