Det var desse kjende prioriteringane…

Av og til skjer det ting som gjer at alle planar må leggast på hylla og prioriteringane må tilspissast. Det er ikkje berre-berre når gutt nr 2 skal vekse til. Så denne hausten har eg knytta eit helsemessig uforsvarleg nært bekjentskap til sofaen, og såg dermed fram til eit nytt år kor eg endeleg skulle få prioritere annleis, og ikkje minst styre appetitten, sjølv.

Så går tida, slik den oftast gjer, og no kan vi allereie skrive medio mars og årets første vårmånad! Kjenner eg mjuknar litt i kroppen berre ved å skrive det!

Korleis går det med nyttårsforsettane dine, forresten? Har du gitt deg sjølv nokre lovnader og krav for 2016?

No er vi inne i ei tid kor nye, gode vanar verkeleg blir satt på prøve! Det er ei kjent sak at førjulstida varer lenge før julehøgtida faktisk startar, men ein skulle tru at butikkjedane prøvde å innføre det same for påskehøgtida.

I januar kjempa butikkane om å tilby billigast frukt og grønsaker. No, snaue to månadar seinare, er det røvarpris på godteri. Utan å presisere det openlyste og skrive “ikkje gå i fella” med store bokstavar, kan du heller sjå på dette som ei utfordring.

Påska kjem tidsnok, heilt uavhengig av prisen på smaksbomber beståande av insekt og grisehud, for ikkje å snakke om bakteriane som samlar seg i desse boksane! Senk skuldrane, ikkje bli stressa av at “alle andre byrjar påska før deg” og ver stolt over at du ikkje går fem på butikkjedane si markedsføring! Ver ekstra observant på kva ungane dine bruker lunsjpengane på. Innhaldet av kaloriar, tilsatt sukker og -diverse nemt over, synk (dessverre) ikkje i takt med prisen…

Og for all del…Ikkje kjøp inn mykje godteri no for å “ha til påske”. Famous last words…

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *