Alle har ein kamp å kjempe og eit liv å leve

Etter vi flytta til Tyskland måtte vi vente i fleire veker på internett. Plutseleg fekk eg god tid til å lese, skrive, rable ned idear til bloggen og lage mat. Då internett var på plass skulle eg la fingrane få slå seg laus på tastaturet og rableriet skulle bli velvalgte ord, men alt stoppa opp. Det var ikkje til å unngå å la seg påverke av all elendigheit som skjer i verda, og alle notatane i blokka mi verka heilt meiningslause. Det var på tide med ein realitycheck.

Alle har ein kamp å kjempe og eit liv å leve. Sjølv om mange vil hevde at vi som bur i Noreg har vunne i lotto, har vi utfordringar som pregar kvardagen vår i større eller mindre grad. For nokre handlar det kanskje om å kome seg gjennom arbeidsdagen, medan andre skulle ønske dei hadde ein arbeidsplass å gå til.

Medaljens bakside skjuler, blandt mange, utfordringar retta mot kosthold, livsstil og fysisk aktivitet. Vi som bur i verdas rikaste land, som har eit matfat vi kan vere stolte av og som har ein relativ kort veg til friluftsområde. Kvifor skal vi plagast med dette når tilgongen alltid er der? Eg ser og opplev mange av dei negative sidene som følgjer med her. Spørsmålet som går igjen er om alt dette innbilling? Bryr verkeleg framande seg så mykje om kva eg har på brødskiva mi, kor ofte eg er ute og leikar med sonen eller om eg et kake midt i veka? Og skal eg bry meg om det??

Heil ærleg har eg slutta å bry meg om kva folk synes, og det er så godt!! Gjer eg noko alvorleg gale som eg ikkje innser sjølv, reknar eg med at familie eller vennar tek meg i nakkeskinnet og ristar meg godt. Så lenge ein ikkje er respektlaus, nedlatande, rasistisk etc., kan folk få ha sine meiningar.

Spørsmålet er heller i kor stor grad eg og du har rett til å stille spørsmålsteikn ved andre sin levemåte.

Slik eg ser det, blir vi alle samanlikna og målt etter standardar. Noko som er heilt vanvittig med tanke på kor ulike eg og du er både inni og utanpå! Det er eit stort press på korleis ein vel å leve livet sitt. Utdanning, jobb, familie, bolig, kropp, hage, nettverk og sosiale media er berre eit lite utval område som vi må prestere på. Vi har så innmari vanskeleg for å drite i at folk har eigne interesser og om dei vel å leve livet sitt på andre måtar enn standarden fastslår.

“Om alle feier for eiga dør, vil verda bli skinnande rein”.

 

Alt kokar ned til dette: Først og fremst må vi sjå oss sjølve i spegelen og reflektere over vår eigen levemåte, og så bli fortruleg med den. Det er kjempeviktig. Eg trur nemleg at dei som er mest oppteken av å feie for eiga dør ikkje bryr seg så mykje om kva rot naboen har utanfor si dør (vi snakker framleis om val knytta til livsstilen).

Til sjuande og sist handlar det om å ha det 100 % bra med seg sjølv og det gjer vi kun ved å kjempe våre eigne kampar og levet vårt eige liv. Det er ikkje enkelt når så mange følger med på kva du gjer, men drit i dei. Gi litt meir F, som Per Fugelli seier det så godt.

Heilt til slutt vil eg minne på at livet går i periodar. Slik du har det no vil du neppe ha det om 5, 10, 20 år. Det er difor så innmari viktig å leve meir i nuet i staden for å legge hundre planar for framtida og at lykka er ein konsekvens av at alle hundre planane bli gjennomført.  Nei, lykke det skapar du her og no.


EG VIL HELLER BLI MISLIKT FOR DEN EG ER,

ENN Å BLI ELSKA FOR NOKOEN EG IKKJE ER.


 

REALITYCHECK – check ✓

One Comment

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *