12 tips til HJARTEMAT

 

Akkurat dette er ein av dei største årsakane til at eg ville studere ernæring. At mat kan bidra til å hindre utvikling av sjukdomar og samtidig ta vare på hjartet slik at vi kan leve eit godt liv. Dét er det meining i.

For dei som ikkje visste det frå før av, så driv eg no å studerar medisin grunnfag. Etter å ha studert og dissikert(!) hjartet forstår ein verkeleg kor skjørt og sterkt det er på same tid! Eg blir så begeistra! Difor tenkte eg det var ein god idé å kome med nokre konkrete tips til korleis vi kan sørge for at denne fantastiske muskelen av ei pumpe får akkurat den næringa den treng, verken meir eller mindre 🙂

Uttrykket “hjartemat” har eg henta av Ingrid Espelid Hovig (den dama altså!) som sjølv er oppteken av å gi hjartet den maten det vil ha. Vi må absolutt ikkje undervurdere at hjarte- og karsjukdomar er den største folkesjukdomen vi har, i tillegg til å vere den største dødsårsaken i landet. Dette må vi ta på alvor, og heldigivis kan du og eg direkte og indirekte hindre mange av desse sjukdomane kvar dag! Fantastisk! 😀

…og uansett kva alder du har, er det aldri for seint å byrje! A-L-D-R-I.


topp12

TIPS NR. 13: FYSISK AKTIVITET
Ein kjem ikkje unna treninga. Den styrker hjartet på ein heilt anna måte enn kva hjartematen gjer. Minimumskravet er at ein må vere i bevegelse minst 30 minutt om dagen, noko som sikkert ikkje er heilt ukjent. I tillegg til dette er det viktig at pumpa får køyrt seg litt! Og då meiner eg til dømes å springe så fort og hardt til du ikkje klarer meir. Også kalla intervallar. Dette er ein knallgod og “enkel” måte å styrke hjartet ytterleggare! Ei doktoravhandling frå NTNU viste at høg-intensitetstrening (90 % av makspuls) gir større forbedringar av kondisjon og blodårefunksjon enn trening med moderat aktivitet (60-70 % av makspuls), her då spesielt hos eldre og lett overvektige.

OBS: Fleire matvarer fell inn i same kategori som matvarene over, men desse matvarene legg føringa for kva du må ete for å førebygge hjarte- og karsjukdomar! Når det gjeld frukt, bær og grønsaker er det viktig å ete variert og fargerikt for å dekke alle dei gode næringsstoffa som fins her.

No er det berre å føre dette rett inn på handlelista og et i veg!

 

tavarepå

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *